Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 10.12.2014

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB)

Barneverntenesta skal sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverka til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernsteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Om barnevernstenesta

Arbeidet i barneverntenesta er regulert av "Lov om barneverntjenester" i tillegg til rundskriv og retningsliner knytt til lova.

Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det iverksetjast tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetjing.

Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntjenesten. 

Barnevernet skal driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar.

Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi og NAV.

Sakshandsaming

Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:

  • Avklaring av melding: 1 veke
  • Undersøking: 0 - 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.

Kontakt barnevernet

Leiar i Barnevernet

Trine Hjertholm

Send e-post til Barnevernet

Telefon sentralbord

53 49 66 00

Barnevernet sin vakttelefon

97 55 21 63
Open vekedagar (måndag-fredag) 08.00-14.00

Alarmtelefonen for barn og unge

116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 - 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

 

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM