'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  02.06.2009
 
Oppdatert: 01.07.2014

Utekontakten

Utekontakten på Stord er ei kommunal teneste for ungdom med to tilsette. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp når det gjeld:

  • Skule
  • Familie
  • Konfliktar
  • Rus
  • Jobb og fritid
  • Helse
  • - eller andre ting som opptek deg nett no

Me har teieplikt

Det betyr at det me snakkar om blir mellom oss. Har du eit problem me synst er veldig alvorlig vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Utekontakten kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.

Råd og rettleiing

Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss. Me samarbeider med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom på Stord. Dette kan vera skular, fritidsklubbar eller ungdommen sitt eige nettverk.

Terskelen for kontakt er låg

Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for en venn og lurer på kva du skal gjera? Ring, send en e-post eller stikk innom.

Her kan du vera deg sjølv! 

Kontakt oss

Telefon: 53 49 66 44. Det er nok lettast å få tak i oss på mobil: Sjå nummer lenger nede på sida.

Besøksadresse
Hamnegata 22, sjøsida. Inngang ved leikeplass.

Postadresse
Postboks 304, 5402 STORD

Epostadresse
utekontakten (a) stord.kommune.no

Kontaktpersonar
Cecilie Berger
tlf: 97 55 21 24

John Henrik Staveland-Sæter
tlf: 97 55 21 21

"Open ståva" hos Utekontakten:

"Open ståva" betyr at du kan komma innom i ståvo, spela kort eller biljard, prata om laust og fast, eller berre vera..

Måndag 14.00-15.30  
Tysdag 14.00-15.30 eller    15.00-17.30*
Onsdag 12.00-14.00  
Torsdag 14.00-15-30 eller 15.00-17.30*
Fredag  12.00-14.00  

*Tysdagar og torsdagar vil me ha ettermiddagsope annankvar veke; tysdagar i oddetalsveker, torsdagar i partalsveker.

Me er sjølvsagt tilgjengelege for avtalar også utanom desse tidene. Ta kontakt med oss ved å banka på, ringa/sms, på e-post eller facebook.

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM