Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Terje Eriksen
Publisert:  30.06.2009
 
Oppdatert: 28.07.2014

Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak SLT

SLT-ordninga fungerer som overbygg for alt førebyggjande arbeid i Stord kommune, og er eit samarbeid mellom kommunen og lensmannen. Tiltak som vert sette i gang i regi av SLT skal byggja opp om, og utvikla, ordinær verksemd.

Slik er SLT organisert

SLT–samarbeidet i Stord kommune er organisert med politirådet, eit arbeidsutval og ulike arbeidsgrupper.

SLT-koordinator er dagleg leiar for SLT-ordninga. Han følgjer opp tiltak som Politirådet og arbeidsutvalet vedtek, hentar inn nye idear og har budsjettansvar. SLT- koordinatoren har kontorplass ved Stord Lensmannskontor og er lønna av Stord kommune.

Politirådet

  • Lensmannen i Stord
  • Ordførar i Stord kommune
  • Rådmann i Stord kommune
  • Kommunalsjefane i Stord kommune
  • SLT–koordinator (sakshandsamar og sekretær).

Politirådet møtest fire gonger i året, eller ved behov.

Arbeidsutvalet

Under Politirådet er det oppnemnt eit arbeidsutval, som har til oppgåve å planleggja og gjennomføra tiltaka i verksemdsplanen. Arbeidsutvalet er samanset av einingsleiarar og andre som rår over personal– og økonomiske ressursar. Utvalet møtest 6- 8 ganger i året. Arbeidsutvalet set ned arbeidsgrupper i høve til dei einskilde tiltak, og som består av representantar for einingane, ungdom, frivillige organisasjonar og andre samarbeidspartnarar. Gruppene vert oppløyste når tiltaka er utførte.

Målsetjing

Målsetjinga med SLT-ordninga i Stord kommune er å medverka til ei forpliktande og god samordning av tiltak som verkar kriminalitetsførebyggjande, rusførebyggjande, og som reduserer faren for at born og unge utviklar psykiske problem og åtferdsproblem.

Born og unge i Stord kommune skal gjennom SLT sikrast betre rammer om oppvekstvilkåra sine, slik at dei veljer å leva livet sitt på ein måte som er positiv for dei sjølve og andre.

Tiltak som vert sette i verk gjennom SLT–prosjektet, skal støtta opp om, utvikla og forankrast i ordinær verksemd. I SLT–samarbeidet skal ein søkja å engasjera friviljuge organisasjonar, privatpersonar, næringsliv, foreldre og ungdom, forutan politi og kommunale einingar. Samarbeidet kan også inkludera fylkeskommunen og nabokommunane.

Målgrupper

SLT si hovudmålgruppe er born og unge i alderen 12–18 år, særleg:

  • born og unge som har vanskelege oppveksttilhøve
  • born og unge som gjer lovbrot
  • born og unge som gjer, eller kan ventast å gjera, handlingar som er til skade for dei sjølve eller andre

Hovudsatsingsområde

På bakgrunn av rapportar, undersøkingar og meldingar frå dei samarbeidande einingane, satsar SLT–utvalet på følgjande:

Rusmisbruk

  • Heva debutalderen for bruk av alkohol
  • Hindra bruk av ulovlege rusmidlar
  • Hindra nyrekruttering til dei etablerte rusmiljøa på Stord
  • Gjera ungdom bevisst på konsekvensane av rusmisbruk
  • Gjera ungdom bevisst på å ta eigne val
  • Mobilisera og auka samarbeidet med foreldregruppa i arbeidet med å førebyggja rusproblem blant born og ungdom
  • Heva foreldrekompetanse gjennom aktiv foreldrerettleiing
  • Auka innsatsen i skulane og samordna det rusførebyggjande arbeidet der

Åtferdsproblem og ulovleg fråver frå skulen

  • Redusera ulovleg fråver
  • Auka ansvarsfølelse og gjensidig respekt
  • Arbeida aktivt mot vald, mobbing og utagering i skulen

Psykiske problem

  • Redusera bakgrunn for, og framvekst av psykiske problem
  • Styrkja og utvikla ressursar og sjølvtillit hos born og unge.

Aktuelle arbeidsområde

Rusførebyggjande arbeid i skulen:

  • SLT og Utekontakten driv desse programma i skulen:
  • "Unge og rus" på sjuande- og niande trinnet
  • På åttande trinnet blir det foreldremøte etter ØPP-modellen som er eit foreldrestøtteprogram.
  • "Foreldresamarbeid" for foreldra til elevane på sjuandetrinnet.
  • MOT- tiltaket
    MOT-informatørar driv førebyggjande arbeid på 8.-10.trinnet
    Les meir om MOT på www.mot.no.
  • "Av og til" - prosjektet.

Andre område:

  • Ansvarleg vertskap: SLT organiserer også Ansvarleg Vertskap, som er eit samarbeid mellom Stord kommune og utelivsbransjen.
  • HKH: SLT har teke initiativ til at Stord kommune har i samarbeid med Bergensklinikkene nytta HKH-metoden (Hurtig kartlegging med handling) til å kartleggja ulike problemstillingar i samband med ungdom og oppvekst.
  • SLT arbeider tett med politiet i forhold til til dømes POP-prosjekt (Problemorientert politiarbeid), ungdomskontraktar, bekymringssamtalar, Konfliktrådssaker, Narkohundprosjektet og kriminalitetsførebyggjande utforming (kartlegging av bygningar og byrom i Stord kommune).
.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM