Av:
Stord kommune
Publisert:
21.09.2009
Oppdatert:
27.11.2012
MARIS - senteret er eit frivillig behandlingstilbod for opiatmisbrukarar. Senteret har ope for pasientar som har fått innvilga behandling på Metadon og Suboxone/Subutex. MARIS har medisinutdeling 6 dagar i veka og aktivitetstilbod 5 dagar.
Korleis får ein behandling?
Det er NAV Stord ved sosialtenesta som, i samarbeid med pasienten, søkjer dei inn til behandling. Dei vurderer om ein fyller kriteria og deretter hjelper til med ein eventuell søknad. Behandlingsinstans er LAR - Bergensklinikkene, der ei inntaksnemnd gjer endeleg vedtak om behandling.
Behandlinga er eit samarbeid mellom NAV Stord ved sosialtenesta, fastlegetenesta i Stord kommune, MARIS og LAR - Bergensklinikkene.
På MARIS får pasienten
- tilbod om private samtalar med dei tilsette.
- hjelp til praktiske gjeremål (som t.d. å bestilla time hjå lege/tannlege, NAV osv.)
- servert måltid kvar dag
- spela biljard & bordtennis
- disponera 3 datamaskinar
- gå turar, spela ballspel i lånt gymsal, bowling m.m.
Om lokala
MARIS held til i nye lokale i Borggata og har eiga stove m/kjøkkenkrok og stort aktivitetsrom m/biljard og bordtennis. Vidare er det eit stort rom m/kontorlandskap og eit eige møte/samtalerom.
Tilsette
MARIS har 3 tilsette i full stilling og eigne helgevakter.
Betalingssatsar
Det kostar ingenting å ta del i behandlingstilbodet på MARIS.
Opningstider
| Måndag - fredag: |
Kl. 09:00 - 15.00 |
| Laurdag: |
Kl. 09.30 - 11.30 |
| Sundag: |
Stengt |