Av:
Kenneth Stenbråten
Publisert:
11.04.2012
Oppdatert:
28.08.2012
Det å vera rusavhengig kan vera ei belastning. Det kan vera vanskeleg å få oversikt over kvardagen og å vita kor du kan gå for å få hjelp. Stord kommune har i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland bygd opp ei rekkje ulike tenester som er tilpassa menneske som er rusavhengige.
Kva kan koordinerande tillitsperson hjelpa deg med?
Koordinerande Tillitsperson kan hjelpa deg med å få oversikt over desse tenestene, finna ut kvar du kan få hjelp, og kva slags hjelp du kan få. Koordinerande Tillitsperson blir kontakta av pårørande, legar, Nav og brukarar sjølv som ynskjer samtaler og oppfølging. Noko av hjelpa som blir ytt, er samtalar, heimebesøk, oppretting av individuell plan, urinprøvetaking, besøk i bedrifter, kinokveldar og bistand for å halde Maris (Medikamentassistert rehabilitering) ope nokre kveldar.
Kenneth Stenbråten er koordinerande tillitsperson i Stord kommune. Du kan sjølv ta kontakt direkte med Kenneth. Du kan ta deg ein tur innom kontoret hans, eller ta kontakt på e-post eller telefon. Kenneth Stenbråten har kontor i Borggata 5 saman med Maris, Lavterskel helsestasjon og Probis (Inngang bak tidlegare Fokus bank).
E-post: kenneth.stenbraten@stord.kommune.no
Telefon: 53 40 33 62
Mobil: 994 40 508
Individuell plan, kurs og opplæring
Koordinerande Tillitsperson har eit fokus på at arbeidet kring individuell plan skal styrkast. Koordinerande Tillitsperson har også eit mål om å gje opplæring og kompetanseauke for andre som kjem i kontakt med rusavhengige. Kvart år arrangerer difor koordinerande tillitsperson konferanse på Rutle Konferansesenter med mellom anna støtte frå Fylkesmannen i Hordaland. Kursa er opne for brukarar av Hamna kontaktsenter, Maris, Lavterskel helse og pårørande, samt dei som arbeider innanfor feltet rus og psykisk helse.