IKT-eininga er ei intern støtteeining for organisasjonen Stord kommune og har ansvar for rådgjeving, innføring og drift av IT og telefoni. Eininga har 8 fast tilsette og 4 lærlingar.
Me held til i trivelege lokale i SKE-bygget på Heiane. Eininga er organisert i eit team.
Dei ulike fagområda i Stord kommune nyttar over 40 forskjellige fagsystem. Mange av desse inneheld personsensitive opplysningar (barnevernet, pleie og omsorg, m.fl.), og set særskilde krav til IT-tryggleik og infrastruktur.
Stord kommune har eit komplekst nettverk og høge krav til effektivitet og tryggleik. Kommunen sitt IT-nettverk består av 1 650 arbeidsstasjonar og 150 skrivarar, fordelt på 60 ulike bygg.
Det er eit strategisk val at me i størst mogeleg grad skal nytta felles IT-system og fagsystem som vert drifta sentralt.
Drift av felles infrastruktur
Stord kommune har i dag eit moderne driftsmiljø og infrastruktur basert på Windows-plattforma. Som kontorstøttesystem nyttar Stord kommune Microsoft Office 2007, Outlook 2007 og intranett basert på SharePoint.
For å effektivisera driftsmiljøet har det store satsingsområdet dei siste åra vore å få knytt opp flest mogeleg lokasjonar til breiband. Gjennom eigen samarbeidsavtale med SKL Breiband har Stord kommune sikra fiberoptisk breiband til dei fleste kommunale bygg.
Fokus framover vil blant anna vera å etablera IT-løysingar som gir kommunen sine innbyggjarar innsyn og integrasjon med den kommunale sakshandsaminga. For IT-avdelinga er det ei prioritert oppgåve å etablera løysingar som gir tilgang til kommunale data 24 timar i døgeret, samstundes som naudsynt datatryggleik og konfidensialitet vert oppretthalde.
IT-strategi for Stord kommune 2009-2012 er overordna arbeidsdokument for IKT-eininga. Om du er interessert i å lese meir om kva denne inneheld finn du den til høgre på denne sida.
Brukarstøtte
IT-avdelinga har eige kundeoppfølgingssystem for brukarstøtte. Dette er sjølvsagt berre tilgjengeleg internt for brukarane i Stord kommune sitt nettverk.
Brukarstøttetelefonen er bemanna frå 08:00-15:30 kvardagar. Tlf. 53 49 66 65.
Opplæring
Etter behov hos brukarane set IT-avdelinga opp tilbod om ulike kurs. Det vert nytta mykje e-læring.
Datatryggleik
Som ansvarleg for den IT-tekniske delen av datatryggleiken, er IT-sjefen medlem i Stord kommune sitt tryggleiksforum.