Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 14.05.2012

Kommunale avgifter og gebyr

Betalingssatsar som gjeld frå 1. januar 2012.

 

Alkohol og servering

  • Kunnskapsprøve om alkohollova: Kr. 300
  • Skjenkeløyve, tidsavgrensa: Kr. 250
  • Skjenkeløyve for øl, vin og brennevin: Min. kr. 3 500
  • Salsløyve for øl: Min. kr. 1 200
  • Servering, etablerarprøve: Kr. 300
  • Serveringsløyve, søknad om: Ikkje gebyr

Barnehage

Stortinget har fastsett maksimalpris for heiltidstilbod i barnehage (41 t/v og meir). Maksimalprisen er sett til kr. 2 330 per månad og kr. 25 630 per år. 

Barnehagane har høve til å ta ekstra betaling for matservering. Deltidstilbod, og prisen for desse, er fastsett av kommunen. 

Betalingssatsar for plass i Stord kommune sine barnehagar:

  • To dagar pr. veke:    Kr. 1 075 pr. månad 
  • Tre dagar pr. veke:   Kr. 1 700 pr. månad 
  • Fire dagar pr. veke:  Kr. 2 250 pr. månad 
  • Fem dagar pr. veke: Kr. 2 330 pr. månad

Søskenmoderasjon

Stortinget har vedteke nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer to og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre. Dersom søsken går i ulike barnehagar i Stord kommune (t.d. privat og kommunal) gjeld same reglar for søskenmoderasjon.  

Spesialpedagogisk hjelp

Spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 5-7 i Opplæringslova skal det ikkje betalast for. Fråtrekk i opphaldsbetalinga vert gjort med kr. 15 per time, jfr. vedtak. Ordninga gjeld for foreldre med barn i privat og kommunal barnehage. 

Økonomisk støtte

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om økonomisk støtte til barnehageplass. Det er særskilde retningsliner for dette. Les meir om å søkja økonomisk støtte til barnehageplass her.

 Andre opplysningar

  • Rekning på barnehageplass vert sendt ut frå Stord kommunekasse, med betalingsfrist den 20. i kvar månad. Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri. Private barnehagar fakturerer sjølv.
  • Fråtrekk for langvarig og alvorleg sjukdom hos barn kan søkjast om til leiar i barnehagen der barnet går. Leiar/styrar gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast på, jfr. Forvaltningslova.
  • Dersom barnehagen har ledig tid, er det høve til å kjøpa einskildtimar i tillegg til fast avtalt tid. Leiar/styrar i den einskilde barnehage avgjer dette ved spørsmål frå foreldre. Ekstratimar kostar kr. 15,- per time.
  • Brukarar som ikkje overheld avtalt opphaldstid/opningstid får først varsel frå leiar/styrar i barnehagen. Ved gjentak av misleghald, må det betalast ein pris på kr. 100 per påbegynt halvtime.
  • Barna må ha nistepakkar med seg i barnehagen. Drikke får dei til måltida. For familiebarnehagar gjeld særskilde tariffesta reglar.  

Eigedomsgebyr

Kommunale eigedomsgebyr for vanleg bustad (61-200 m2):

  1. Vassavgift

    Årsavgift vanleg bustad - kr. 3 188,-
    Tilknytingsavgift - kr. 15 000,- 
  2. Avløpsavgift

    Årsavgift vanleg bustad - kr. 3 739,-
    Tilknytingsavgift - kr. 15 000,-
  3. Slamtøming 

    Årsavgift bustad ( 4 m3) - kr. 740,-
    Årsavgift fritidsbustad (4 m3) - kr. 380,-
  4. Renovasjon

    Standard løysing SIM - kr. 1 902,-
    Kommunal eigendel - kr. 100,-


Eigedomsgebyr for andre bygningsgrupper:  

Vass- og avløpsavgift

Avgiftene er gruppert etter bygningsgrupper i nasjonalt register for bygningar (GAB) og Norsk standard (NS) 3457.  Avgifta vert berekna ut frå bruksareal, per bustadeining. Avgifta er todelt med ei abonnementsavgift og ein variabel del for kvar bustadeining. For dei som har vassmålar vert den variable delen rekna etter målar/stipulert forbruk. Alle prisar er eksklusive MVA.

Vatn og avløp etter målt mengde (m3)

  • Vatn kr. 11, 60
  • Avløp kr.13,65

Tillegg per m2 over 200 m2 (for bueiningar utan vassmålar)

  • Vatn kr. 13,35
  • Avløp kr. 13,94

Bygningsgrupper

  • 11. Einebustad
  • 12-14 Tomannsbustad, rekkehus, større bustadbygg
  • 15 Bygning  for bufellesskap, bu- og  servicesenter, studentheim o.l.
  • 16-17 Hytte/fritidshus og tappepunkt
  • 18, 21-44 Industri/næringsdrivande o.l. (forretning, verksemd, kontor, driftsbygning, naust o.l.)
  • 21-84 Industri o.l. over 200 m2 målt etter forbruk (krav om vassmålar)

Årsavgift for vatn og avløp

GruppeBRAVatn
abonnement
Vatn
variabel
Vatn
sum
Avløp
abonnement
Avløp
variabel
Avløp
sum

11

 

Opptil 60 m2 1 680,- 696,- 2 376,- 1 963,- 819,- 2 782,-
61 - 200 m2  *1
Vanleg bustad
1 680,- 1 508,- 3 188,- 1 964,- 1 775,-
3 739,-
12-14
Opptil 60 m2 1 680,- 696,- 2 376,- 1 963,- 819,- 2 782,-
61 - 200 m2 *1 1 680,- 1 508,- 3 188,- 1 964,- 1 775,-
3 739,-
15

Inntil (per)
4 hyblar
u. vassmålar

 

1 680,- 1 508,- 3 188,- 1 964,- 1 775,- 3 739,-
16-17 Hytte 1 680,- 696,- 2 376,- 1 963,- 819,- 2 782,-
18
21-44
Opptil 60 m2 1 680,- 696,- 2 376,- 1 963,- 819,- 2 782,-
61-200 m2 *1 1 680,- 1 508,- 3 188,- 1 964,- 1 775,-
3 739,-
21-84 *2 Krav om
vassmålar
6 720,-   6 720,- 7 852,-   7 852,-

Fotnotar til tabell for vatn og avløp:

1. For eining over 200 m2 bruksareal utan vassmålar, tillegg per m2: 

  • Vatn kr. 13,35
  • Avløp kr. 13,94

2. Halv abonnementsavgift for industri o.l. over 200 m2:
Ved lite vassforbruk kan det etter søknad gjevast halv abonnementsavgift. Vilkår er eit gjennomsnittleg forbruk siste 3 år på mindre enn 100 m3/år. Vatn og avløp etter målt mengde (m3):

  • Vatn kr 11,60
  • Avløp kr 13,65

Årsavgifta er rekna frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Tilknytingsavgifter

For tilknyting til kommunal vassforsyning eller avløp, må det søkjast på særskilt skjema. Søknad må vera godkjent og avgifta betalt før tilknyting skjer. Eingongsgebyr for tilknyting vert likt for alle abonnentar med inntil 2” tilknytingsleidning til vatn. Ved tilkopling med større dimensjonar, vert det rekna tillegg i avgifta.

Tilknytingsavgift skal reknast for kvart bygg etter reglar som for årsavgifter. Meirverdiavgift kjem i tillegg.

3.1 Bustader/Fritidsbygg

 Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-

3.2 Industribygg

 Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-

3.3 Større leidningsdimensjon, tillegg i avgifta

 3 – 4” leidning: Kr 20 000,-
5 – 6” leidning: Kr 40.000,-

3.4 Naust/tappepunkt

 Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-

3.5 Mellombelse tilkoplingar

 Ingen tilknytingsgebyr. Alle kostnader med tilkopling/fråkopling skal dekkjast av eigar/festar av eigedomen. Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år. I særskilde tilhøve er det høve til å søkja om vidareføring.

Tøming slamavskiljar

Årsavgift

Heilårsbustad 0-4 m3 (tøming annakvart år.) kr. 740,-
Hytte/fritidshus 0-4 m3 (tøming kvart 4. år) kr. 380,-

MVA kjem i tillegg.

Minirenseanlegg skal ha tøming kvart år. Ekstra tøming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.

Betalingssatsar for slamtøming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) - NB! SIM sine prisar er inkl- MVA

Renovasjon

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen.

Standardløysing for bustad

Abonnementsgebyr kr. 642,-
Dunk for bioavfall  kr. 350,-
Dunk for papir kr. 175,-
Dunk for restavfall kr. 735,-

Totalt for husstand som vel standardløysing er kr. 1 902,- + MVA

Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider 

Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i Kundetorget i rådhuset for kr. 50,- per stk (inkl. tømingsavgift og mva)

Feiing og tilsyn

Bustader

Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr. 495,-

Industri/forretningsbygg

Feieavgift: Kr. 621,-
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr. 483,- per time.

Meirverdiavgift kjem i tillegg

Hamn

Hamneavgift

Avgiftsregulativet byggjer på Hamnelova sine §§ 21 -24 samt dei forskrifter som Fiskeridepartementet har knytta til Hamnelova sin avgiftsdel. Prisane er eksklusiv meirverdigavgift. Norskregistrerte farty skal betala meirverdigavgift. Hamneavgifter i samsvar med lov om hamner og farvatn m.m. av 17. april 2009 nr. 19.

Hamneavgifter for perioden 01.01.2012 – 31.12.2012

Båtplass i småbåthamna

Leirvik småbåthamn

Storleik på båtenKvartalHalvårÅr

Under 20 fot

 

kr.   984,-

kr. 1 967,-

kr. 3 933,-
F.o.m. 21 til 25 fot
kr. 1 327,- kr. 2 654,- kr. 5 309,-
F.o.m. 26 til 30 fot   
kr. 1 718,-
kr. 3 436,-     kr. 6 871,-
Over 30 fot  (pr. fot) kr.      86,-
kr.   171,- kr.   343,-

Vinteropplag på land

Storleik på båtenHalvår
Under 20 fot kr.  486,-
F.o.m. 21 til 25 fot
kr.  668,-
F.o.m. 26 til 30 fot    kr.  852,-
Over 30 fot  (pr. fot) kr.  120,-

 

Korttidsleige for båtar

Storleik på båtenPlassavgift
Under 14 fot kr.  203,- pr. mnd.
Frå 14 til 20 fot kr.  406,- pr. mnd
Frå 20 til 25 fot kr.  504,- pr. mnd.
Frå 25 til 30 fot kr.  608,- pr. mnd
Frå 30 til 40 fot kr.  811,- pr. mnd
Frå 40 til 50 fot kr. 1014,- pr. mnd
Frå 50 til 70 fot kr. 1216,- pr. mnd.
Over 70 fot Etter avtale
  • Straum Kr. 1.60 pr. kw.t + moms
  • Leige minimum 1 mnd.
  • Korttidsleige er frå 1 oktober til 1 mai
  • Frå sesongstart, 1 mai til 1 oktober skal det ved gjestebryggene betalast kr. 210,- opp til 35 fot og  kr.315,- for båtar over 35 fot pr. døgn inkl. straum

Kaiavgift ved gjestebryggene

Frå 1 mai til 1 oktober

  • Båt opptil 35 fot: kr. 210,- per overnatting
  • Båtar over 35 fot: kr. 315,- per overnatting.

Bruk av serviceanlegget og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på automat. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.

Helse, omsorg. rehabilitering

Heimebaserte tenester

Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

  • Personretta tenester (heimesjukepleie)
  • Avlasting
  • Støttekontakt

Praktisk bistand og opplæring

Eigenbetaling per mnd/time f.o.m. 01.01.2012

Husstanden si nettoinntekt

 

Abonnement

 

Timepris

 

Inntil 2G

 

170,-

 

0

 

2G - 3G

756,-

 

126,-

 

3G - 4G

1 212,-

 

202,-

 

Over 4G

1 810,-

 

302,-

 

(1 G = kr. 79 216,- per 01.05.2011)

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 170,- per mnd., uansett timetal.

Mottek brukar 6 t/mnd eller meir, betalar ein abonnement. For mindre enn 6 t/mnd skal det betalast timepris. Ingen tenester skal kosta over kr. 302,00 per time. Tidsforbruket vert runda av til næraste halve time.

Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som mottek hjelp, vil innntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er barnet som mottek hjelpa.

Tryggleiksalarm

Eigenbetaling for leige:
kr. 184,- per mnd inkl. installering/avinstallering

Dagtilbod for personar med demens

Eigenbetaling kr. 110,- per dag.

Knutsaåsen omsorgssenter

Personretta tenester (heimesjukepleie): ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat: Kr. 3.200,- per mnd.
Vask av tøy: kr. 750,- per mnd.

Institusjon

Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:

Korttidsopphald/rehabiliteringsopphald

Kr. 133,- per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.

Langtidsopphald

75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.

Avlastingsopphald

Ingen eigenbetaling

Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.

Kulturhuset

Leigesatsar for utleige av rom og utstyr
 

Kulturskulen

Betalingssatsane finn du på kulturskulen sine heimesider

Landbruk, havbruk og utsleppssaker

A. Landbrukssaker og havbrukssaker 

§ 1 Konsesjonslovsaker

3 promille for den første millionen gebyrpliktige kjøpe- eller leigesum, og 2 promille av det overskytande beløp. Gebyret skal likevel ikkje vera lågare enn kr. 1 200,-

§ 2 Jordlovsaker

Handsaming av delingssøknader etter § 12 i jordlova: kr. 1 224,-

§ 3 Havbrukssaker 

Uttale til konsesjonssaker etter Akvakulturlova: Gebyr vert rekna pr. påløpt time for sakshandsamar, for tida kr. 900,- pr. time. Minstegebyr kr. 4 080,-

B. Utsleppssaker

Dette gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg. Det vil bli utarbeidd eigen gebyrforskrift med heimel i § 11-4 i Forueiningsforskrifta.

§ 1 Søknader

Det skal betalast gebyr per utslepp etter gjeldande satsar: 
a. Søknad om utsleppsløyve < 50 PE,  kr. 3 570,- 
b. Søknad om utsleppsløyve > 50 PE, kr. 7 550,-

Der ein søknad gjeld fleire avløp av same storleik på same eigedom i høve til inndelinga ovanfor, skal  det krevjast halvt gebyr per avløp frå og med nr. 2.

§2 Ny handsaming av avslegen søknad

Der fornya søknad om utsleppsløyve fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare innbetalt gebyr koma til tilfrådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag. Kjem ny søknad på seinare tidspunkt skal det betalast fullt gebyr.

§3 Tilsyns- og kontrollgebyr

Tilsyns- og kontrollgebyr for separate avløpsanlegg pr. stk:  kr 310,- (gjeld ikkje avløpsanlegg som er tilknytt offentleg avløpsanlegg).

Parkering

Parkeringsavgift

Gjeldande betalingssatsar på avgiftsbelagde parkeringsplassar i Leirvik sentrum: 

Måndag - fredag

1. januar - 30. april:
kl. 07.00 - 19.00:  Kr. 10,- per time, inkl. mva. (Anna tidsrom: gratis)
Parkeringsplass på Leirvik torg og ved Teknisk bygg: Gratis første timen, deretter sats som over.
Langtidsparkering (Sæ og P-hus bak Turnhallen) kr. 10,- for første time, deretter kr. 30,- for resten av dagen.
1. mai - 31. desember:
kl. 07.00 - 19.00:  Kr. 11,- per time, inkl. mva. (Anna tidsrom: gratis)
Parkeringsplass på Leirvik torg og ved Teknisk bygg: Gratis første timen, deretter sats som over.
Langtidsparkering (Sæ og P-hus bak Turnhallen) kr. 11,- for første time, deretter kr. 33,- for resten av dagen.

Laurdag

1. januar - 30. april:
kl. 07.00 - 17.00 Kr. 10,- per time, inkl. mva. (anna tidsrom: gratis)
Parkeringsplass på Leirvik torg og ved Teknisk bygg: Gratis første timen, deretter sats som over.
Langtidsparkering (Sæ og P-hus bak Turnhallen) kr. 10,- for første time, deretter kr. 30,- for resten av dagen.
1. mai - 31. desember: 

kl. 07.00 - 17.00 Kr. 11,- per time, inkl. mva. (anna tidsrom: gratis)
Parkeringsplass på Leirvik torg og ved Teknisk bygg: Gratis første timen, deretter sats som over.
Langtidsparkering (Sæ og P-hus bak Turnhallen) kr. 11,- for første time, deretter kr. 33,- for resten av dagen. 

Søndag

Gratis parkering

Førehandsbetalt parkering

Det er høve til å kjøpa parkeringskort i Kundetorget i rådhuset. Kort kan kjøpast heile året.   

P-kort (gjeld alle P-plassar): 

  • Vekeskort kr. 234,-
  • Månadskort kr. 1 032,-
  • Årskort kr. 12 200,-

Særskilt P-kort for langtidsparkering (Sæ og P-hus ved Turnhallen): 

  • Årskort kr. 4 200,-
  • Halvårskort kr. 2 100,-

P-kort kan kjøpast Kundetorget, Stord rådhus. Kontakt Kundetorget her.

Gebyr og tilleggsavgifter

Om å parkera i strid med trafikk- og skiltreglar

Parkering i strid med trafikk– og skiltreglar kan føra til ilagt gebyr på kr. 500,00. Det er politiet og Stord kommune sine trafikkbetjentar som kan ileggja dette gebyret. 

Gebyret vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på gebyret. 

Om å parkera utan å betala avgift

Parkering utan å betala, eller lengre parkering enn det er betalt for på avgiftsbelagd parkeringsplass, kan føra til ilegging av tilleggsavgift på kr. 300,00. Det er kommunen sine trafikkbetjentar som kan ileggja tilleggsavgift.

Tilleggsavgifta vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på tilleggsavgifta si bakside.

Regulerings-, byggesaks- og oppmålingssaker

Gebyrsatsar for handsaming av regulerings-, byggesaks- og oppmålingssaker

Generelt

Dette gebyrregulativ er fastsett av Stord kommunestyre og er heimla i:

  • § 33-1 i Plan- og bygningslova
  • § 32 i Lov om eigedomsregistrering (matrikklelova)
  • § 5-2 i lov om kartlegging, deling og registrering av grunneigedom (delingslova) av 23. juni 1978 med endringar sist ved lov av 4. august 1995. (for saker som skal gjennomførast etter gamal lov)
  • § 7 i lov om eigarseksjonar av 20. mars 1997.

§ 1 Verknad

 Regulativet gjeld frå 1. januar 2012, og erstattar tidlegare gjeldande regulativ. Regulativet gjeld for alle saker som er komne inn etter denne dato, med dette og meint endringar av søknader under handsaming, løyve, godkjenning av føretak, ansvarsrettar og dispensasjonar.   

§ 2 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativ, skal betala gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet vert sendt til tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Det fastsette gebyr skal betalast uavhengig av seinare endring, refusjon eller eventuell søknad om redusert gebyr/klage på gebyr.

§ 3 Tidspunkt for gebyrfastsetting

Gebyr vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt søknad, endringssøknad, melding, rekvisisjon eller fullstendig planforslag ligg føre.

§ 4 Betalingstidspunkt

Gebyret skal vera betalt innan 30 dagar rekna frå fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen krevja eit purregebyr i samsvar med gjeldande retningsliner. Dersom ein kunde av ulike årsaker har betalt for mykje i gebyr, skal kommunen så snart tilhøvet er avklart, betala tilbake for mykje betalt gebyr. Det kan ikkje krevjast rentetillegg for dette.

§ 5 Indeksregulering

Kommunestyret kan indeksregulera gebyret.

§ 6 Søknader som vert trekt eller returnert

  1. Ved skriftleg tilbaketrekking av eit planforslag før førstegangshandsaming er utført, vert det fastsett 50% av fullt gebyr. Det same gjeld når ei sak vert oppfatta som uaktuell, som følgje av manglande oppfølging av saka frå forslagsstillar.
  2. For bygge- eller delesaker som vert returnert eller trekt, vert det fastsett eit minimumsgebyr på kr. 3 234,- unnateke der det går fram i dette regulativ at det ikkje skal betalast gebyr.
  3. For byggesøknader, som vert trekt eller returnert før rammeløyve er gjeve, vert byggesaksgebyret fastsett til 10% av ordinært gebyr, justert for minimumsgebyret.
  4. For byggesøknader, som vert trekt etter at rammeløyve er gjeve men før løyve til igangsetting er gjeve, vert byggesaksgebyret fastsett til 70% av ordinært gebyr, justert for minimumsgebyret.
  5. Vert ein byggesøknad etter plan- og bygningslova § 20- 1 og 20 - 2 der løyve vert rekna for gitt etter tre veker trekt innan tre veker etter at den er motteken i kommunen, vert det fastsett byggesaksgebyr lik minimumsgebyret.
  6. For bygge- eller delesaker, som vert returnert utan handsaming, og etterspurd dokumentasjon i mangelbrev ikkje er motteke innan nærare fastsett frist, vert det fastsett eit minimumsgebyr på kr. 3 234,-
  7. For byggesøknader som vert returnert utan handsaming, som følgje av manglande dokumentasjon, vert det ikkje fastsett gebyr.
  8. Dersom ein byggesøknad vert trekt etter at løyve/igangsettingsløyve/samtykke er gjeve eller ved bortfall av løyve i samsvar med § 96 1. ledd, vil det ikkje verta refundert gebyr.
  9. Gebyr for godkjenning av føretak/ansvarsrettar/dispensasjonar vert ikkje refundert.
  10. For seksjoneringssøknader, som vert trekt før vedtaket vert fatta, vert det rekna eit gebyr på 50% av handsamingsgebyret. 

§ 7 Søknader som fører til avslag

Ved avslag på bygge- eller delesaker vert det fastsett eit gebyr på 60% av ordinært gebyr avgrensa nedover til minimumsgebyret på kr. 3 234,-

Gebyr for godkjenning av ansvarleg søkjar vert fakturert uavhengig av avslag eller godkjenning. Ved avslag på seksjoneringssøknader vert det rekna eit gebyr på 50% av handsamingsgebyret.

§ 8 Urimeleg gebyr

Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn og det arbeidet og kostnadane kommunen har hatt, kan kommunen etter grunngjeven søknad redusera gebyret. Søknad om nedsetting av gebyret utset ikkje betalingsfristen.

§ 9 Klagerett

Gebyrregulativet er ei forskrift fastsett av kommunestyret med heimel i § 33 - 1 i plan- og bygningslova og kan ikkje påklagast. Etter fovaltningslova kan bruken av regulativet påklagast til fylkesmannen i saker etter plan- og bygningslova og til den særskilde klagenemnda i Stord kommune for saker etter delingslova.

Reguleringsgebyr

Regulativ for handsaming av private framlegg til regulerings- og delingssøknader inkl. tomtedelingsplanar og plan for utbygging, søknader om dispensasjon o.l.

§ 1

Etter dette regulativet vert det kravd gebyr for handsaming av:

  • Framlegg til reguleringsplanar og endring av desse, pbl §§ 4-1, 4-2, 12-8, 12-9, 12-10, 12-11 og 12-14 
  • Framlegg om mindre endring av reguleringsplanar, pbl § 12-14 

§ 2

Gebyrsatsar

§ 2.1

For framlegg til reguleringsplanar og endring av slike skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr. 32 290,- . Gebyret skal vera betalt før saka vert lagt fram for førstegongshandsaming i forvaltningsstyret.

§ 2.2

Når planframlegg er vedteke lagt ut til offentleg ettersyn forfell eit arealgebyr til betaling.

a. For reguleringsplanar opptil 10 daa  kr. 51 660,-

b. For reguleringsplanar over 10 daa  kr. 103 320,-

c. For endring av reguleringsplanar kr. 51.660,-

Arealgebyret skal vera betalt før planframlegget vert lagt fram for 2. gongshandsaming i fast utval for plansaker.

§ 2.3

For planar med krav om planprogram og konsekvensutgreiing skal det i tillegg til satsane i § 2.1 og § 2.2 betalast eit handsamingsgebyr på kr. 21.000,-

§ 2.4

 For mindre, “bagatellmessige” endringar i reguleringsplanar, separate søknader om dispensasjon frå kommuneplan, reg.plan/utb.plan og for handsaming av tomtedelingsplan, plan for utbygging o.l. - kr.   8.010,-
 

§ 2.5

 For mindre endringar i reguleringsplanar som vert lagt fram for politisk handsaming -  kr. 14.470,-

§ 2.6 

 For handsaming av prinsippsøknader og søknader om å få starta arbeid med privat reguleringsplan - kr.  14.200,-

§ 2.7

 Planframlegg som berre omfattar spesialområde vern eller offentlege friområde vert friteke for å betala gebyr. 

Gebyrregulativ for bygge- og delesaker

§ 1 Generelt

§ 1.1 Grunnlag

Der det ikkje går fram anna, utgjer utrekningsgrunnlaget for gebyret bruksareal, BRA, i samsvar med NS 3940, med dei tillempingane som fylgjer av registreringsinstruks til matrikkelen, avrunda nedover til næraste m². Det vert rekna bruksareal av alle etasjar. Der det ikkje går fram anna utgjer byggesaksgebyret summen av gebyra for alle etasjane.

For søknader etter § 20 - 2 vert bruksareal (BRA) i samsvar med NS 3940 lagt til grunn for arealutrekninga. For overdekka areal (bygg eller deler av bygg som manglar vegger), vert bygd areal (BYA) lagt til grunn for arealutrekninga.

I tillegg til byggesaksgebyret vert det rekna gebyr for andre tenester som er knytt til søknaden, slik det går fram av dette gebyret. Når søknad om løyve også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg, vert det normalt ikkje fastsett gebyr for riving.

Ved tilbygg/påbygg som takoverbygg, karnapp, terrassar, takterrassar, utviding av eksisterande terrassar og andre tiltak som fører til utviding av arealet, vert samla tilleggsareal lagt til grunn for gebyret.

§ 1.2 Dispensasjon etter plan- og bygningslova kap. 19

 For søknad etter § 20-1og 20 - 2  der det samtidig og vert søkt om dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag vert det fastsett eit gebyr på kr.  5.040,- 

For mellombels dispensasjon etter §19-3 kr. 3 150,-

Gebyr for dispensasjon kjem i tillegg til gebyr i bygge- og delesaker etter §§ 2 – 14 og 22 i gebyrregulativet.

§ 1.3  Stegvis handsaming etter § 21 - 2

Søknader kan delast opp i søknad om rammeløyve og søknad om løyve til igangsetting utan at det medfører ekstra gebyr. Men dersom det er ønskje å dele løyve til igangsetting opp i meir enn 2 trinn, vert det for kvart ekstra trinn rekna gebyr på kr. 1.890,-

§ 1.4 Redusert gebyr

Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen etter søknad heilt eller delvis gje fritak for betaling av gebyr til kommunen i ei konkret sak. Dette kan vere aktuelt i samband med t.d. mindre rehabiliteringsprosjekt som fører til betring av miljøet (tilbakeføring av fasade og liknande). Personlege/sosiale forhold som økonomi og helsetilstand reknast ikkje som særlege grunnar.

§ 1.5 Igangsetting og teke i bruk utan løyve

Ved igangsetting av arbeid før det ligg føre løyve, vert det ilagt eit tilleggsgebyr  tilsvarande 100 % av ordinært byggegebyr. Dette gjeld og i saker med avslag. Dersom eit tiltak vert teke i bruk utan at det er søkt om mellombels bruksløyve eller ferdigattest, vert det gjeve eit tilleggsgebyr på kr.  3 360,- 

§ 1.6    Endring av tiltak (revisjonar)

Dersom endring av tiltak fører til vesentleg endring av gebyrgrunnlaget, vert det fastsett nytt gebyr for heile tiltaket, med eventuell refusjon, som går fram av § 1.10 i gebyrregulativet. Til dømes: endring av areal, tal på bueiningar og liknande.

Ved mindre revisjon som krev nabovarsling, vert det eit gebyr på kr.  4 440,-

Ved mindre revisjon som ikkje krev nabovarsling, eller det ligg føre aktiv nabovarsling, vert det eit gebyr på kr.  3.360,-

Gebyr for mindre revisjon skal ikkje overstige gebyr for ny søknad/melding.

§ 1.7     Fornying av søknad

Ved fornya søknad etter bortfall av løyve i samsvar med Plan- og bygningslova § 21 - 9, betalast fullt gebyr som for ny sak.

§ 1.8 Ferdigattest på eldre saker

For utferding av ferdigattest for tiltak der det er gått meir enn 6 år etter at byggeløyve/løyve til igangsetting er gjeve, eller meir enn 2 år etter at det er gjeve mellombels bruksløyve for heile tiltaket, betalast eit gebyr på kr. 2 325,-

§ 1.9 Tillegg p.g.a. mangelfull søknad (Gjeld også endring)

 Sakshandsamingsgebyra under §§ 2 – 16 og 22 vert auka med  20% i saker der det vert meirarbeid på grunn av mangelfull søknad. Det vil seia saker der det må skrivast brev til ansvarleg søkjar/tiltakshavar/ heimelshavar om tilleggsdokumentasjon. Dette gjeld også saker der det vil vere naudsynt med synfaring eller særskilde møter før søknaden kan handsamast.

Ved manglar i førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest der det må skrivast brev vert det fastsett eit gebyr på kr.  2 325,-

§ 2 Søknader etter § 20 - 2

§ 2.1 Tiltak etter § 20 – 2b, driftsbygningar i landbruket

Driftsbygningar 0 – 200 m2  kr.  4 570,-

Driftsbygningar  over  200 m, som for næringsbygg

§ 2.2    Tiltak etter § 20 – 2c 
Mellombels eller transportable bygningar, konstruksjonar og anlegg,  til dette høyrer campingvogner, telt, tivoli, sirkus m.m. og innretningar for uteservering kr.  4 440,-

Ved gjentatt handsaming (t.d. årlege tivoli, uteservering m.m.) kr.  2.325,-

Mellombels brakkerigg, lager-/industrihaller inkl. tilbygg til desse med areal over 100 m² reknast 50%  av gebyr for næringsbygg (§ 6).

§ 2.3    Tiltak etter §  20 - 2a

Søknad om mindre byggjearbeid vert redusert med 25%, der søknaden er godt dokumentert og ikkje krev ekstra opplysningar. Det vil seia saker der det ikkje er naudsynt å skriva brev til tiltakshavar om tilleggsdokumentasjon.

Mindre byggjearbeid/tiltak på bebygd eigedom (jf. § 3 - 1 i SAK):      

  • 0 – 15 m²  kr.  3 715,-
  • 16 – 30 m² kr.  5 620,- 
  • 31 – 50 m² kr.  7 520,-
  • 51 – 70 m² kr.  9 430,-
  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel  kr.  4 440,-
  • Skilt, reklameinnretning og liknande kr.  5 620,-
  • Antennesystem med høgde inntil 5 m. kr.  5 620,-

 § 2.4  Manglande tilbakemelding

 For tiltak godkjent i samsvar med Pbl. § 20 - 2 (mindre byggearbeid), som krev oppdatering av offentlege kart, skal tiltakshavar gje tilbakemelding seinast 4 veker etter at tiltaket er teke i bruk. Oppfølging vedk. manglande tilbakemelding fører til eit tilleggsgebyr på kr. 1 080,- 

§ 3  Nye bueiningar (søknadspliktig tiltak etter § 20 - 1a) 

§ 3.1

For 1. bueining  kr.16 865,-

§ 3.2  

 Deretter pr. bueining over 50 m²  kr.  7 520,-

§ 3.3  

 Deretter pr. bueiningar under 50 m²  kr.  5 620,-

§ 3.4

Hyblar (enkeltrom m/felles bad, etc.), campinghytter pr. eining.  kr.  5 620,-  

§ 3.5   

 Fritidsbustader/hytte kr.  13 690,-

§ 3.6   

 For institusjonar/omsorgsbustader m.m. med eigne bueiningar, vert fellesareal rekna som for næringsbygg og bueiningane som bustad.

§ 4  Tilbygg/påbygg til bustader, fritidsbustader/hytte (§ 20 - 1a)

§ 4.1   

0 -15 m²  kr.  3 715,-

§ 4.2

16-30 m² kr.  5 620,-

§ 4.3   

31- 50 m²  kr.  7 520,-

§ 4.4 

 51-70 m² kr.  9 430,-

§ 4.5

 71 - 100 m²  kr. 11 235,-

§ 4.6   

 Over 100 m² kr. 15 015,-  

§ 4.7  

 Innreiing av loft/kjellar som tilleggsrom til eksisterande bueining kr.  6 690,-

§ 5  Garasjar/naust/uthus (§ 20 - 1a)

Der garasje inngår som eigen del av bygning(ar) (bustad/kontor m.m.) vert det fastsett separat gebyr etter denne paragraf.

§ 5.1

0 - 15 m²  kr.  3 715,-

§ 5.2

16 - 30 m² kr.  5 620,-

§ 5.3  

 31 - 50 m² kr.  7 520,-

§ 5.4

51 -   70 m²  kr.  9 430,-

§ 5.5

Over 70 m²  som for næringsbygg

§ 6  Næringsbygg (erverv) (§ 20 - 1a)

§ 6.1 

0 - 70 m² kr. 13 145,-

§ 6.2     

 71 - 150 m² kr. 18 795,- 

§ 6.3  

 151- 300 m² kr. 28 140,- 

§ 6.4  

 301 - 500 m²  kr. 37 640,- 

§ 6.5  

 501 - 800 m² kr. 46 880,-

§ 6.6

801-1000 m² kr. 56 825,-

§ 6.7

For areal over 1000 m² vert det rekna eit gebyr på  kr. 52,50 pr. m²  BRA. Gebyret må likevel ikkje overstiga kr. 630 000,-. 

§ 6.8

 For stativhallar, overtrykkshallar, skur og veksthus, reknast 50 % av gebyr som for næringsbygg (erverv). 

§ 6.9 

 For innreiing av råbygg reknast 25% av gebyr for næringsbygg (erverv). 

§ 6.10 

 Innretning for uteservering  kr.  9 490,-

§ 7       Konstruksjonar eller anlegg (§ 20 - 1a)

§ 7.1   
Mindre anlegg (sjå også § 16.1)  kr.  5 620,-

§ 7.2 

 Større anlegg  kr. 11 235,-  

§ 7.3   

 Kommunaltekniske anlegg i grunnen (VA-anlegg)  kr. 11.235,- 

§ 7.4 

 Idretts-/sportsanlegg utan bygning/tribune t.d. fotball-, skeisebane o.l.  kr. 13 180,-

Nærmiljøanlegg m/offentleg stønad er unnateke for gebyr. Forstøttingsmur går under § 12.

§ 8       Fasadeendring – vesentlege reparasjonar o.l. (§ 20 – 1c).

Fasadeendring omfattar m.a. endring av vindauge, kledningsmateriale og taktekking, takoverbygg, karnapp, ark, takterrasse m.m.

§ 8.1   
Fasadeendring småhus (frittliggjande einebustader, tomannsbustader, rekkehus, småhus i grupper) kr.  3 715,-

Innsetjing av dør/vindauge inntil 2 m² og minimum 4 meter frå nabogrense vert friteke for gebyr.

§ 8.2

Fasadeendring større bygningar kr.  7 520,-

§ 8.3  

 Ved vesentleg endringar av planløysing, til dette høyrer og hovudombygging vert det eit gebyr på 50% av byggegebyr som for nybygg.

§ 9       Bruksendring (§ 20 – 1d)

§ 9.1   

For bruksendring betalast 25% av byggegebyr som gjeld for næringsbygg (§6).

§ 9.2

For bruksendring frå anna føremål til bustad betalast etter § 3.

§ 9.3

Fører bruksendring og til søknadspliktig arbeid, som handsamast i same søknad, vert gebyret rekna ut i samsvar med § 8.3 i regulativet.

§ 10     Rivingssaker (§ 20 – 1e)

§ 10.1    

 0 - 50 m² kr.  1 900,-

§ 10.2      

 51 - 200 m² kr.  5 620,-

§ 10.3

201 - 1000 m² kr.  8 315,-

§ 10.4

Over 1000 m² kr. 12 140,-

Når søknad om tiltak også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg på same staden, vert det ikkje tekegebyr for riving.

§ 11     Oppdeling/samanføying av brukseining i bustad m.m. (§ 20 – 1g) 

  • kr. 11 130,-

§ 12     Innhegning mot veg/skilt og reklame og liknande(§ 20 -1h)

§ 12.1

Innhegning mot veg/skjermvegg/levegg kr.  3 715,-

§ 12.2 

 Forstøttingsmur under 2,0 m høgde.  kr.  3 865,-

§ 12.4 

 Forstøttingsmur over 2,0 m høgde kr.  7 350,-

§ 12.5

Skilt/reklame kr.  5 620,-

§ 13     Vesentlege terrenginngrep/utfylling  (§ 20 1k)

  • kr. 11 235,-

§ 14     Anlegg av veg eller parkeringsplass (§ 20 – 1l)

§ 14.1

Mindre parkeringsplassar på planert terreng (inntil 10 bilar) kr.  5 620,-

§ 14.2

Større parkeringsplassar  kr. 11 235,-

§ 14.3 

 Parkering på eller i bygning, parkeringshus/anlegg som § 6 i regulativet.

§ 14.4

 Gangbru/kulvert og liknande kr.  7 520,-

§ 14.5 

Køyrebru/kulvert og liknande kr. 15 045,-

§ 14.6 

Veganlegg, til dette høyrer og gangveg/kulvert og liknande kr. 11 235,-

§ 14.7

For tiltak som ikkje er avklart i plan vedk. § 14.6 betalast 50% i tillegg.

§ 14.8 

Ny avkjørsel  kr.  5 620,-

§ 15     Separate søknader om bygningstekniske installasjonar (§ 20 – 1f)

§ 15.1

Sanitæranlegg, innreiing av våtrom kr.  1 900,-

§ 15.2

Varmeanlegg  kr.  2 635,-

§ 15.3

Ventilasjonsanlegg kr.  5 620,-

§ 15.4

Kuldeanlegg og varmepumper kr.  2 635,-

§ 15.5

 Automatisk brannvarslingsanlegg kr.  2 635,-

§ 15.6

 Automatisk brannsløkkingsanlegg kr.  2 635,-

§ 15.7

 Felles VA-anlegg i grunnen  kr.  9 430,-

§ 15.8

Heis, rulletrapper, rullande fortau, rulleband o. l. som er søknadpliktig etter pbl. kr.  3.715,-

§ 16     Diverse tiltak

§ 16.1

 For arbeid som ikkje kan bereknast etter ovannemnde satsar, her medrekna mellom anna innreiing av loft/kjellar i småhus, antenneanlegg, mobilstasjon, basseng, busskur, rømmingstrapper, lekeplassar, ballbingar, fotballplassar, brettrampar, sykkelbanar, endring av takkonstruksjon (som ikkje fører til auke i målverdig areal), mindre kaiar, flytebrygger m.m., betalast kr.  5 620,-

§ 17     Godkjenning av føretak/ansvarsrett

§ 17.1  Lokal godkjenning av føretak med ansvarsrett

  • kr.  2 815,-

§ 17.2  Godkjenning av ansvarsrett når det ligg føre sentral el. lokal godkjenning: 

  • kr.     555,-

§ 18 Avvikshandsaming

Ved avdekking av avvik i byggeprosjekt ved kommunen sitt byggetilsyn, vert det for kvart einskild avvik der det vert utarbeidd avviksrapport fastsett eit gebyr på kr. 1 575,- 

§ 19 Delingssøknader (§ 20 – 1m)

 § 19.1 

 For søknad om frådeling av første parsellen der grensene er i samsvar med fastsette føremålsliner/eigedomsgrenser i reguleringsplan, utbyggingsplan eller tomtedelingsplanplan kr. 4 515,-

§ 19.2

Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.1 kr. 775,-

 § 19.3 

 For søknad om deling av første parsellen i regulert område der føremålsliner/eigedomsgrenser ikkje framgår av fastsett plan kr. 7 110,-

§ 19.4

 Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.3  kr. 2 195,-

§ 19.5 

For søknad om deling av første parsellen i uregulert område  kr. 10 070,-

§ 19.6  

Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.5 kr. 6 005,-

 § 19.7        

 For søknad som gjeld tilleggsparsell/arrondering, små grunnstykke til garasjar, parkering o.l. kr. 2 585,-

Gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova (Lova §32, Forskrift §16) 

Innført 1. januar 2010. For saker som er søkt om før denne datoen, gjeld "Oppmålingsarbeid etter Delingslova". 

1.1.   Oppretting av matrikkeleining

1.1.1.   Oppretting av grunneigedom og festegrunn

  • Areal frå 0 – 100 m² kr. 19 110,-
  • Areal frå 101 – 1000 m² kr  22 525,-
  • Areal frå 1001 m² – auke pr. påbegynt da. kr   3 045,-
  • Areal over 10 da. etter medgått tid. Minstegebyr kr 52 500,-

Ved samstundes oppmåling av tomter som grensar til kvarandre og/eller er ”gjenbuarar”, vert gebyret redusert med 20% frå og med tomt nr 4.  Gebyret kan reduserast ytterlegare med 10% frå og med tomt nr 4 ved oppmåling i felt der grensepunkta på førehand er markert i marka i samsvar med løyve til frådeling.

I saker der alle grensene er merka og koordinatfesta ved tidlegare kartforretning eller oppmålingsforretning og der feltarbeid ikkje er naudsynt, skal gebyret reduserast med 35 %.

1.1.2.   Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

Gebyr pr ny matrikkeleining  kr 3 975,-

I tillegg kjem ev utlegg til kunngjeringar. Ev undersøkingar  i marka vert fakturert etter medgått tid

1.1.3.   Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon kr. 5 515,-

1.1.4.   Oppretting av anleggseigedom

Gebyr som for oppretting av grunneigedom.

  • Volum frå 0 – 2000 m³  kr 22 525,-
  • Volum frå 2001 m³ – auke pr. påbegynt 1000m3. kr 3 045,-

1.1.5.   Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid.

1.1.6   Oppretting av grunneigedom, heil teig

  • kr. 3 975,-

1.1.7 Gebyr for oppmålingsforretning over areal regulert til vegføremål

Gebyr for oppmålingsforretning over areal regulert til vegføremål vert fakturert etter medgått tid. jf. satsar i pkt. 1.9

1.2. Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Etter grunngjeven søknad kan ny matrikkeleining opprettast før oppmålingsforretning er fullført, jf forskrift § 25. Det vert fakturert gebyr etter pkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 eller 1.1.5, samt tilleggsgebyr pr matrikkeleining  kr. 2 940,-  

1.2.1.   Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje lar seg matrikkelføra på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert satt til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2

1.3. Grensejustering

1.3.1.   Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomen sitt areal. (maksimalgrensa er satt til 500 m²).  Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa.  For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelda.

  • Areal frå 0 – 250 m²  kr   5 515,-
  • Areal frå 251 – 500 m²  kr 11 025,-

1.3.2.   Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum. (maksimalgrensa er sett til 1000 m³)

  • Volum frå 0 – 300 m³ kr 5 515,-
  • Volum frå 301 – 1000 m³ kr 11 025,-

1.4. Arealoverføring

1.4.1.   Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.  Arealoverføring utløyser dokumentavgift.  Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål.

  • Areal frå 0 – 300 m² kr 10 710,-
  • Areal frå 301 – 500 m² kr 18 900,-
  • Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² fører til auke av gebyret på kr   2 100,-

1.4.2.   Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna - ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining.  Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades.  Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengjande volum.

  • Volum frå 0 – 300 m³  kr 10.200,-
  • Volum frå 301 – 1000 m³ kr 18.000,- 
  • Volumoverføring pr. nytt påbegynt 500 m³ fører til auke av gebyret på kr   2.100,-

1.5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning

  • For inntil 2 punkt kr. 3 255,-
  • For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 790,-

1.6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidligare er koordinatbestemt / eller klarlegging av rettar

  • For inntil 2 punkt  kr.  5 515,-
  • For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr  790,-
  • Klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid.
  • Klarlegging av eksisterande grense skal ikkje overstiga gebyret for frådeling av tilsvarande ny matrikkeleining.

1.7. Privat grenseavtale

Vert fakturert etter medgått tid

1.8. Tilleggsgebyr

1.8.1.   Endring i forhold til godkjent frådelingsvedtak

Gjeld ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga munnleg eller skriftleg kr 2 100,-

1.8.2.   Ekstra kartforretning i eksisterande sak

Gjeld når det er naudsynt med ekstra oppmålingsforretning i marka pga usemje mellom partane, eller når det er ynskje om endring, eller andre forhold som skuldast partane og som vert lagt fram etter at den første oppmålingsforretninga er halden  kr  3 295,-

1.9. Timesatsar

  • Kontorarbeid  kr 1 095,-
  • Markarbeid inkl. transport og materiell kr 1 755,-
  • Minstegebyr kr 5 430,- 

1.10. Urimeleg gebyr

Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn og i høve til det arbeid og dei kostnadane kommunen har hatt, kan Rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetja eit høveleg gebyr. Det er ikkje høve til å dispensera frå gebyrregulativet av andre årsaker. Det er ikkje høve til å få fritak for heile gebyret.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeve søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetja eit redusert gebyr.

1.11. Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten under saka sin gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert likevel gebyret oppretthalde. 

1.12. Utsteding av matrikkelbrev (Maksimalsats vedteken av Statens kartverk)

  • Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 185,-
  • Matrikkelbrev over 10 sider kr 370,-

Endring i maksimalsatsane vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

1.13.Tinglysingsgebyr og gebyr for grunnboksutskrifter mm

For alt som skal tinglysast etter Matrikkellova § 24 kjem tinglysingsgebyr i tillegg, for tida kr. 1 548,- . Det vert også sendt faktura på naudsynte utskrifter av skylddelingsdokument mm.

1.14 Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsarbeid om vinteren

Tidsfrist fastsett i forskrifta §18, 1. ledd gjeld ikkje i perioden 15. desember til 1. mars. (Med heimel i Matrikkelforskrifta 26. juni 2009 §18, 3. ledd.)

1.15 Grensemerke

Per stk kr. 55,-

1.16.Betalingsreglar

Det vert ikkje rekna meirverdiavgift av oppmålingsgebyra.

Gebyrregulativ for oppmålingsarbeid etter delingslova § 5 - 2

Når det er rekvirert delingsforretning før 01.01.2010, vert det rekna gebyr for oppmålingsarbeidet  i samsvar med det gebyrregulativ etter Delingslova som gjeld på tidspunkt for tinging av oppmålingsarbeidet. For rekvisisjon av oppmålingsarbeid etter 01.01.2010 gjeld gebyrregulativ etter Matrikkellova. 

1 Kartforretning

1.1  Forretning utført av kommunen

X  i etterfølgjande tabellar er areal i kvadratmeter.

1.1.1  Kombinert kart- og delingsforretning for nytt eigedomsnummer eller kartforretning over eksisterande eigedomsnummer (pr. eigedomsnummer):

  • Areal til og med 1000 m²  kr  22 520,-
  • Areal 1000 til 5000 m² kr 19 480,- + 2,9X
  • Areal 5000 til 20000 m² kr 37 430,- + 1,0X
  • Areal over 20 dekar etter medgått tid.  Minstegebyr kr 70 455,-

Ved samstundes oppmåling av tomter som grensar til kvarandre og/eller er ”gjenbuarar”, er gebyret 80 % av ovannemnde gebyr frå og med tomt nr. 4. Gebyret kan reduserast ytterlegare med 10% frå og med tomt nr 4 ved oppmåling i felt der grenspunkta på førehand er markert i marka i samsvar med løyve til frådeling.

1.1.2  Kombinert kart- og delingsforretning for tilleggsareal til eksisterande eigedomsnummer eller uregistrert samferdselsgrunn

  • Areal til og med 500 m²  kr 13 200,-
  • Ved større areal skal det betalast gebyr etter satsane i pkt 1.1.1.
  • Der tilleggsarealet kjem frå fleire eigedomseiningar, skal det reknast gebyr for kvar frådelt parsell.

1.1.3    Registreringsbrev

  • kr  2.940,-

1.3     Avbrot i kartforretningsarbeidet

Gebyr skal betalast i høve til det som er utført eller som kommunen må utføra. Minstegebyr kr. 3 295,-

1.4    Tilleggsgebyr

1.4.1  Endring i forhold til godkjent frådelingsvedtak

Gjeld ynskje om endring som rekvirent legg fram på kartforretningsmøtet og som må godkjennast av planavdelinga, munnleg eller skriftleg  kr. 2 100,-

1.4.2   Ekstra kartforretning i eksisterande sak

Gjeld når det er naudsynt med ekstra kartforretning i marka pga usemje mellom partane, eller når det er ynskje om endring eller andre forhold som skuldast partane og som vert lagt fram etter at den første kartforretninga er halden kr. 3 295,-

3   Grensepåvising

For påvising av grense ut frå koordinatfastsette grenser i målebrev i samband med kartforretning etter pkt 1.1.1-1.1.2 , pr punkt:  kr. 1 630,-

4.  Andre tenester

Hjelp til å utarbeida/ framskaffa dei dokument som er naudsynte før ein kan tinglysa ny eigedom/ tilleggsareal, t.d. skøyte, vegrett, pantefråfall osv. Gjeld berre saker som er til handsaming i Stord kommune. Pr. dokument kr.   1 755,- 

5.  Timesatsar

Anna oppmålingsarbeid vert rekna etter medgått tid.

  • Kontorarbeid  kr  1 095,-
  • Markarbeid inkl. transport og materiell  kr. 1 755,-
  • Minstegebyr kr  5 430,-

8   Tinglysingsgebyr

For alt som skal tinglysast etter delingslova § 4-2 kjem tinglysingsgebyr i tillegg, for tida kr. 1 548,-

9    Betalingsreglar

Det vert ikkje rekna meirverdiavgift av oppmålingsgebyra. Unntak er andre tenester etter pkt. 4 som det skal reknast meirverdiavgift  av og som kjem i tillegg til prisen.

Skulefritidsordninga - SFO

Prisar for opphald eksklusive leksehjelp:

  • 100 % plass: Kr. 2 615,- pr. mnd
  • 80 % plass:  kr. 2 160,- pr. mnd 
  • 60 % plass: kr. 1 640,- pr. mnd 
  • 50 % plass: kr. 1 415,- pr. mnd

Satsane over vert redusert med kr. 105,- pr. veketime eleven har leksehjelp medan han/ho er i skulefritidsordninga.

SFO i sommarferien og på skulefrie dagar

Frå sommaren 2012 vert det tilbod om SFO på skulefrie dagar og i sommarferien på følgjande skular: Rommetveit, Leirvik, Langeland og Tjødnalio.

Barn frå Hystad skule har base på Rommetveit skule, medan barn frå skulane Litlabø og Sagvåg har base på Tjødnalio skule. Det må vera minimum 15 elevar per gruppe for å gi tilbodet på ein skule.

Prisar for opphald i sommarferien og skulefrie dagar

  • pr. elev for august 2012 kr. 1 770,-
  • pr. elev for elevfrie dagar, skuleåret 2012/2013 kr. 2 950,-
  • pr. elev for juni 2013 kr. 1 180,-

 

Symjehallane

 

 

Torgplass  - leige av handelsplass på Leirvik Torg

For lag/organisasjonar og næringsdrivande utan fast utsalsstad er det høve til å leiga plass på Leirvik Torg for sal av varer. Ein kan tinga plass hos kundetorget i rådhuset, tlf. 53 49 66 00.

1. Pris per rute på 15 m2 (minstepris) per dag: kr. 118,- 
 
2a. Faste torghandlarar for 60 m2 per år: kr. 21 210,- 
 
2b. Dersom dei faste torghandlarane einskilde dagar har trong for meir enn 60 m2, skal det betalast full leige for dette etter punkt 1, i tillegg til fast leige.

3. Straum til vekt, lys og varme skal, av dei faste torghandlarane, betalast over eigen målar. Tilfeldige torghandlarar skal betala kr. 11,50 per dag. 
 
4. For nattoppstilling er det ei avgift på kr. 1 071,- per månad for faste torghandlarar, og kr. 38,- per natt for tilfeldige.  
 
Avgifta skal betalast forskotsvis per dag eller månad til Kundetorget. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.

 

Utleige av skulebygg i helgar/overnatting

Leigesats for utleige av skulebygg i helgar/overnatting. Satsane vert utrekna med utgangspunkt i kvar skule.

 

Prisar

 

     
  • Kr. 50,- per person pr. overnattingsdøgn ved antal opp til og med 100
  • Kr. 40,- per person pr. overnattingsdøgn ved antal opp til og med 300
  • Kr. 30,- per person pr. overnattingsdøgn ved antal opp til og med 500

 

 

Desse prisane gjeld for utleige til frivillige lag og organisasjonar. Ved utleige til verksemder og andre kommersielle aktørar skal prisen vera flat kr. 50,- pr. overnattingsdøgn uavhengig av antal og lengd på opphaldet. 

 

Vaksinasjon

 

Prisliste for vaksinasjon

 

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM