'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 15.11.2012

Tannhelseteneste

Dette er ikkje ei kommunal teneste. Det er fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. Dei skal sørga for tannhelsetenester til alle som bur eller oppheld seg midlertidig i fylket.

Kven får behandling?

Den offentlege tannhelsetenesta skal gi oppsøkjande og gratis tilbod til:

  • Born og ungdom frå 0 – 18 år (ut heile året dei er 18 år)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.  
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25% av takstar fastsett av departementet.
  • Personar med rusproblem.Tilbodet er avgrensa til personar med langtidsopphald i rusinstitusjon og personar i den kommunale rusomsorga  som mottek tenester etter § 4.2 i Lov om sosiale tenester.
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritera.

Utgifter til tannregulering vert dekt med inntil 75 % frå Folketrygda etter søknad. 

I tillegg til dei prioriterte oppgåvene gir ein tilbod om behandling til vaksne, betalande pasientar ved dei fleste klinikkane, avhengig av kapasitet.

Den offentlege tannhelsetenesta har også tilbod om lystgass/Dormicum ved enkelte klinikkar.

I Hordaland har narkomane eit spesialtilbod. Straxhuset i Bergen har inngått avtale med Den offentlege tannhelsetenesta om eit lavterskeltilbod. Behandlinga vert utført på Tannklinikken Legevakten 2 dagar i veka.

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM