Av:
Nina Sørli
Publisert:
02.07.2010
Oppdatert:
23.06.2011
For å få status som Fairtrade-kommune er det eit krav at Fairtrade-produkt skal vera tilgjengeleg i eit tal daglegvarebutikkar, og at fleire verksemder og organisasjonar serverer slike produkt til tilsette.
Kvar finn eg Fairtrade-produkt?
Sparbutikken på Haga har flest Fairtrade-produkt i hyllene sine. Her er det både blomar og andre Fairtrade-merka varer å få kjøpt. På Stord finn du også Fairtradevarer blant anna hos Meny-Leirvik, Kiwi-Sagvåg, Coop-Extra, Plantasjen, Mestergrønn-Heiane, Vinmmonopolet og Til Bords-Trio.
Serveringsstadene Fengselet Mat- og vinkjellar, Sunnhordland Industrier (kantina), rådhuskantina og Bruncheriet har også Fairtrade-produkt på menyen.
Ei handsrekking
Gjennom Fairtrade-ordninga er arbeidarane sikra ei garantert minsteløn, verdige og trygge arbeids- og sosiale forhold. Vidare sikrar merkeordninga at ein del av inntektene frå sal kjem attende til arbeidarane slik at dei gjennom demokratiske prosessar kan byggja opp lokalsamfunnet til felles beste.
Krav til kontinuerleg arbeid
For å oppretthalda status som Fairtrade-kommune, må kommunen kvart år auka dei offentlege innkjøpa av Fairtrade-produkt og arbeida aktivt med å ta inn nye produktgrupper. Kommunen vil også utfordra nabokommunane våre til å bli Fairtrade-kommunar.
Styringsgruppa
Stord kommune si styringsgruppe for Fairtrade er samansett av representantar frå Næringslivet, fagrørsla, kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon. Følgjande personar er medlemmar i gruppa:
- Leif Steinar Alvsvåg (varaørdførar/Stord kommune)
- Elin Ravnskog (Sekretær/Stord kommune)
- Magne Erstad (Fagforbundet)
- Odd magne Agdestein (Innkjøpssjef Stord kommune)
- Anne Grethe Sandtorv (Stord Næringsråd)
- Jan Owerveg (Kyrkja Stord)
- Hild-Elin Husby (Stord rødekors)
- Margrethe Lauksund (Stord ungdomsråd)
- Heine H. Valvatna (Venskap Stord-Comalapa)
- Marit Sætre Cruickshanks (Stord idrettsråd)
- Johann Belsvik (Stord pensjonistforening)
Vil du vera med?
Verksemder, lag og organisasjonar som vil gjera noko aktivt for å fremja dette arbeidet er velkomne til å ta kontakt med Stord kommune.
Send e-post til: post@stord.kommune.no
Biletet: Frå kommunen sin Fairtrade-stand på Stordfest 2010.
Meir om Fairtrade på www.fairtradenorge.no